Åmli kommune 2016-2019

Føremål for arkivplan i Åmli kommune:
Denne arkivplanen skal til ei kvar tid vere retningsgjevande for korleis all dokumentasjon som kommunen treng i sine daglege gjeremål eller har plikt til å oppbevare for ettertida skal registrerast, oppbevarast og nyttast.

  • Den skal vise kva arkivet omfattar og korleis det er organisert.
  • Det er eit krav i forskriftene til arkivlova at kommunane skal ha ein slik plan (Arkivforskr. § 2-2).
  • For at planen til ein kvar tid skal vere aktuell, må den jamnleg oppdaterast og ajourførast. Dette skal skje fortløpande. Rådmannen skal godkjenne endringane ein gong i året.
  • Ved kvart periodeskille (kommunestyreval) skal planen gjennomgå ein hovudrevisjon.
  • Dei arkivplanane som er gått ut av bruk skal arkiverast.
  • Rådmannen har arkivansvaret. Arkivleiar har det daglege ansvaret for arkivtenesta.