Utskriftsvennlig versjon

Papirbasert arkiv

Avlevering av arkiva skal omfatte møtebøker, kopibøker, postjournalar, saks- og spesialarkiv frå minst ein arkivperiode.

  • Arkiva skal være ordna i seriar.
  • Omslag og mapper skal følge strukturen i arkivet og gje naudsynt informasjon om innhaldet, slik som arkivkode, saksnummer, sakstittel o.l.
  • Omslag og mapper skal være av syrefritt papir.
  • Materiale som ikkje passer inn i standardiserte arkivboksar, skal pakkast på forsvarleg måte i samråd med AAma.
  • Materialet skal være reingjort for støv og smuss.
  • Dersom materialet er skada, skal arkivdepotet gje råd om korleis det kan reparerast.
  • Materialet skal være reparert før avlevering.

Ved avlevering til depot skal det vedleggjast avleveringsliste med opplysningar om arkivskapar og innhald. Det er eit minimum at listene innheld oversikt over arkivseriar og arkivstykke i kvar serie. Arkivstykka skal vere merka med arkivskapars namn og årstal. AAma har utarbeida standard lister som skal nyttast ved avlevering, sjå retningsliner for avlevering av papirbasert arkivmateriale.

Laster...