Føremål for arkivplan i Åmli kommune: Denne arkivplanen skal til ei kvar tid vere retningsgjevande for korleis all dokumentasjon som kommunen treng i sine daglege gjeremål eller har plikt til å oppbevare for ettertida skal registrerast, oppbevarast og nyttast.
- Den skal vise kva arkivet omfattar og korleis det er organisert.
- Det er eit krav i forskriftene til arkivlova at kommunane skal ha ein slik plan (Arkivforskr. &4).
- For at planen til ein kvar tid skal vere aktuell, må den jamnleg oppdaterast og ajourførast. Dette skal skje fortløpande, og godkjennast ein gong i året.
- Ved kvart periodeskille (kommunestyreval) skal planen gjennomgå ein hovudrevisjon.
- Dei arkivplanane som er gått ut av bruk skal arkiverast.
- Kommunedirektøren har det overordna arkivansvaret. Ansvaret er delegert til organisasjonssjef, og arkivleiar har det daglege ansvaret for arkivtenesta.
|