Arkivplan.no
Utskriftsvennlig versjon

Avlevering til depot

Åmli kommune er forplikta etter arkivlova til å ta vare på sine eldre og avslutta arkiv og halde dei tilgjengelege for innsyn i samtid og ettertid. Dette gjeld både papirbaserte og elektroniske arkiv.

Åmli kommune har sidan 1995 vore medlem av Aust-Agder museum og arkiv (AAma - KUBEN), interkommunal arkivordning.

Sidan 01.05.2003 har kommunen nytta AAma som depotinstitusjon og avlevert eldre arkivmateriale fram til 2000.

Kommunen har framleis eigedomsretten til arkivmaterialet etter avlevering.

AAma (KUBEN) har fylgjande oppgåver for Åmli kommune:

  • Ta imot avleveringar i høve instruks - både papirarkiv og elektronisk arkiv
  • Vedlikehalde arkivkatalog i høve avleveringslistene
  • Ordne arkivmateriale eldre enn 1950.
  • Gje brukarar tilgong til kommunen sitt historiske arkiv i samsvar med dei reglar som er fastsette i denne planen, og gje rettleiing i høve til dette

Åmli kommune er pålagt å avlevere arkiv til AAma etter gjeldande instruks.

Oversikt over eldre arkiv som er avlevert til AAma:

Nyare arkivseriar enn dette, som er avlevert AAma, skal gå fram av arkivoversikten i kap. 5. Alle avleveringslistene er arkivert i sakene 09/1198 og 20/197.

Laster...